Læring er GØY!!!!!

TULLA! Hahahah. Der var det rett før heile befolkningen tok fatt penn og papir for å søka seg inn på høgare utdanning. Lettlurte. Læring er faktisk ikkje noko gøy i det heile tatt. No er de advart.

*kunstpause med tilbehør*

Det å KUNNA derimot, er ganske kjekt og tilfredstillande. Så no kan de ta fatt penn og papir igjen, dersom de verkeleg gidd å læra noko berre for å kunna det. Det skal nemleg eg prøva på no. Så sjallabais trudelutatei! Ha ein fin tysdagkveld og hugs Greys Anatomy og sånn. Og hugs å drikka te. Og så må de hugsa å legga dykk tidleg, sånn at de ikkje blir så veldig trøytte.

Innføring i ting ein IKKJE bør gjera

HEI og hopp og hink og salto og hopp og rull og gå og jogg.

No har eg blitt ein student.

For fyrste gong i livet mitt har eg flytta til byen der eksosen får herjar fritt rundt i lungene mine og vatnet i springen smakar noko. Veit ikkje heilt kva. Aldri vore med på noko liknande. Men det har sin sjarm!

Grunna ei rekke uheldige hendingar vil eg no meddela ei liste over ting ein IKKJE bør gjera. Iallfall dersom du bur i bydn (sa strilen medan ho humra, rista og slo seg på låret).

Ein bør ikkje:

- Sykla til skulen utan hjelm, bremser og ringjeklokke. (det bur faktisk FOLK her, og dei har ein tendens til å spre seg utover HEILE fortauet.)
- Sykla med lang kjole, fordi den kiler seg lett fast i kjeden.
- Ta bybana utan bybanekort.
- Ha sukkettboksen laust oppi ryggsekken
- Kjøpa regnjakke som ikkje pustar
- Skjera på fingeren istadenfor eplet når du lagar eplepai

Ein lærer så lenge ein lever.

Dessutan har eg funne ut kva eg vil bli når eg blir stor:

Haha. Eg ELSKAR iallfall slutten.

Kattar og fiskar og pizza og kebab og sommar og fred på jord.

Tenk då, dersom alle dyr var fiskar eller kattar! Då hadde verda vore ein fin stad å bu på. Ingenting hadde vore skummelt eller irriterande. Om du ser vekk ifrå at det ikkje hadde vore nokre gode pizzaer eller kebabar eller taco eller noko god mat i det heiletatt eigentleg.

No har eg sommarferie! (berre at eg skal jobba heile ferien, så eg har jo eigentleg ikkje ferie, eg berre latar som for at dei som ikkje har ferie, men må jobba heile tida skal bli misunnelige)

Uansett. I anledning "ferie" skal eg posta eit dikt som eg og min nye ven, Jakob Sande har skrive. Dette gjer eg for å få ein raud tråd i innlegget. Du tenkjer kanskje "Kva er det ho meiner? Ho har jo ikkje sagt noko poetisk korrekt i innleiinga av dette innlegget?!" Og det har du heilt rett i. Men dette diktet me har skrive saman handlar om Kallen og Katten. Jakob skreiv mest. For å vera heilt ærleg skreiv han alt. Eg berre sat attmed og såg på. Eigentleg var eg ikkje der i det heiletatt. Me kjenner ikkje kvarandre ein gong. Eg laug.



No kjem det: (det er litt langt, men verdt å lesa)

KALLEN OG KATTEN

Han Simo i støa og katten
var mette av alder og år,
og båe var redde for vatten,
og båe ver mest utan hår.
Og alt medan åra tok ende
so tenkte vel kallen med seg,
at her var det tryggast kanhende,
å fyrst sende katten i veg. 

Han prøvde med mange slags greier,
frå oljen i pipa til kniv,
men etter som røynde folk seier
har katten fleirfoldige liv.
Han gjorde sitt yttarste, kallen,
på det å bli katten sin kvitt,
til dess han fikk sett seg i skallen
å prøve med blank dynamitt. 

Han kjøpte patrona på bua
med lunte av likaste sort,
og rusla so heim i den trua
at no var det endeleg gjort.
So henta han katten i hagen
og surra med skjelvende hand
patrona på plass under magen
med tridubbelt snøsokkeband. 

Han sprang i det same han tende
og skolv enda lunta var lang,
men rekna kje med ka som hende
då katten fekk sjå kor han sprang.
For best som han redd rende frå han
som kua i stivbein galopp,
var katten i hælane på han
og dansa med lystige hopp. 

Og kallen vart meir og meir fælen
di meir han så katten vart kåt,
og katten vart meir og meir kjælen,
di lygnare kallen for åt.
Han sprang som en ungdom på atten,
og skamtrakka voksterleg gras,
so ingen kan undrast at katten
fann ut det var mykje til stas. 

Og kallen låg flat etter reina,
han heldt seg for bringa og bles,
med katten på sprang mellom beina
og lunta i rykande fres.
Og lunta vart kortar? og kortar?,
 - han kjende det meir enn han såg,
 og kallen sprang fortar? og fortar?
 med kurs for ei løe der låg.

Og det var han Simo støa,
 tilårskomen , julbeint og rund,
 han kappsprang med døden mot løa
 og slo han med knapt eit sekund.
 For midt under hardeste taket
 smatt Simo fortumla i ly,
 og nett i det same kom braket
 so moldspruten sto som ein sky.

Og døra og litt utav veggen
dreiv saman med dunder og brak, 
og somt fauk i låra og leggen, 
men verst vart han skamfaren bak. 
Og doktor vart bodsend og presten, 
og kallen vart plåstra og smurd 
so pass han sto oppatt på resten, 
men katten vart aldri meir spurd.

 Ha ein fortreffelig aften!

Vår nye livsoppgåve

HEI!!!!!!!!!!



Me heiter Camilla og Linda

Me skal blir profesjonelle dansarar når me blir store faktisk!!!




(legg merke til den nye stilen Camilla har tenkt å innføra)
Det har me hatt lyst til ganske lenge eigentleg. Faktisk nesten heilt sidan i dag tidleg. Og me SKAL klara det.



Det kjem jo ikkje akkurat til å bli noko problem for oss. Me har jo eit enormt pågangsmot og er ekstremt sjølvdisiplinerte. Ingen ting å seia på sjølvinnsikten heller. Så dette blir lett som ein plett. Dessutan kan me jo berre ta modelljobbar og popstjernejobbar og prinsessejobbar på si. Ingen problem! Framtida er lys for oss. Me er heldige.

Kul overskrift

Tenk då, så tøft det hadde vore dersom me kunne ha løfta oss sjølv.



Då hadde me jo FLYDD!!!

God helg

Hei

Eg googla meg sjølv i dag og då kom desse bileta fram:

Eg takkar.

Dagens spørsmål: Kvifor skal hestar vera så sinnsjukt fine, når det å likna på ein hest, ha hestetenn eller lukta som ein hest ikkje er så veldig tøft?

Elles har eg vore i BURSDAG!



Bursdag er det aller beste i heile verda.

Og så skal eg kle meg ut som ei nonna og synga med eit skulekorps på sundag. Tjohei! Det heile blir nokså absurd, men velkomen skal du vera. Klokka 14 eller 17 i Vestkanthallen. The Blues Brothers.

Fred ut!

Nok eit dustete blogginnlegg

Etter mykje frustrasjon fekk eg endeleg veta kva ein sjark eigentleg er!

Og så har det begynt å snø.




Dessutan har eg fått meg kamera. Det syns eg verkeleg var på tide for ein såpass fotogen person som meg.



Så no kan det til og med henda at det kjem nokre RELATERTE bilete på denne bloggen. Kanskje.

Hei! Og hallo! Og bittelitt yo....

Eg har fått meg symaskin!

*nts nts nts*

Så no blir det sying for alle penga! Berre at eg må læra meg å sy først.

Dessutan har eg kost meg gløgg ihel i helga med den nye favorittboka mi "Veien til førerkortet". Anbefalast på det varmaste. Iallfall dersom du skal ta lappen.
Etter å ha lest i denne fantastiske og tilfredstillande boka, kunne eg ikkje gå glipp av "Veien til førerkortet"-dvden! Den tok kaka. Spesielt dei flotte avbrekka med sketsjar frå 80-talet som skulle vera til skrekk og advarsel for ungdommen no til dags. For eksempel lærte eg at eg ikkje skulle bli som denne ufyselege bilbølla!

Nei fysj. No lærte vel de og noko i dag.

Men det eg eigentleg skulle seia, er at denne jenta her har bursdag i dag.

10. 10. 10! Betre det, enn då eg hadde bursdag 06.06.06.

Gratulera med dagen Ida! Du er ein fantastisk god ven og fortener den beste dagen. Eg kan desverre ikkje gje deg ein klem idag, så du får den telepatisk.



HURRA og JUHU og sånn.....

KANINAR TIL FOLKET!

Hei Ü

Eg fekk ei bok av ho Idamor her hinn dagen. Den heiter "kjære Gud jeg har det godt har du noe ull", og inneheld diverse fantastiske barnesitat. Her kjem nokre favorittar:

I 1905 ble Norge og Sverige delt i to erogene soner fordi nordmennene ikke
likte å romstere sammen med svenskene

- Tinius, 8 år

Ari Behn har skrevet en bok som heter "Trist som faren".
Jeg tror det er faren til Märtha Louise han mener.
- Mattias, 8 år

Barn som har hjul kan løpe fortere enn når de er barbeinte, for eksempel,
særlig om vinteren for da har de piggdekk.
-
Sander, 6 år

Vi har hjerne for at håret skal ha noe å henge fast i.
- Nina, 5 år

Først blir man en celle, så blir man barn, så blir man mamma,
så blir man bestemor, så blir man oldemor og så blir man tippoldemor.
Til slutt blir man gjørme.

- Trine Marie, 6 år

En bestemor er en som hele slekten har kommet ut gjennom.
Da er det ikke rart om hun er litt slaskete i i skinnet.
- Kristine, 7 år

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

NYTT TEMA! NO KJEM EIN GLIDANDE OVERGANG!!!



Sånn.

Veslesyster hadde to kaninar. Som blei til fira. Som blei til åtta. Og kva kan ein bruka åtta kaninar til? Vel. Det kan DU finna ut ved å kjøpa dei for BERRE 150 kr per stykk. Ikkje vest for reinrasa hermelinkaninar. Eit superkupp i kaninverda. Så dersom du vil ha, kan du jo for eksempel seia ifrå. Men de må vera raske, for det er sikkert kjempemange som vil ha dei. Kaninar er kjempepopulært! Siste skrik i gata. Alle dei kule kidza har kanin for å seia det sånn. Vil du bli lukkeleg, sunn, kul og populær, kjøp kanin! (Gamalt salgstriks)



Kva? Er du enda i tvil? Veit du ikkje om kanin er noko for deg. Les under.

Kanin er noko for deg dersom...

- ... du har ein intens trang til å avla noko fort og effektiv. Kanin er vel det fortaste og effektivaste.
- ... du berre likar nusselege ting.
- ... du vil ha noko godt kjøt å knaska på.
- ... dersom du føler du ikkje får tilfredstilt dine kosebehov.
- ... du frys på føtna, og treng nye tøflar. (dei er veldig mjuke i pelsen)
- ... du er plaga med uventa besøk av personar du ikkje kommuniserar så godt med. Då kan du fortelja dei at du har kaninar, og då kan det hende dei vil sjå på dei. Og då har de både noko å snakka om og noko å sjå på.

Ja. Det var vel det.

Så.

FØRSTEMANN TIL MØLLA!

Haust

Achtung: No kjem det veldig mange fine ting om hausten, så IKKJE les dersom du har ein intens trang til å gå inn i haustdepresjonen.



Og.... SPEL AV!!! (songen under teksten, altså)



Ting som gjer hausten så veldig fantastisk

Fårikål
Sopp
Hjortesesong
Kalde, mørke kveldar
Ane Brun
Pledd, stearinlys og te
Heimastrikka tjukkelabbar
Fyr i omnen
Lange kveldsturar i haustklår luft
Thomas Dybdal
Nypoteter
Plommer
Blåbær
Lange kveldar med koslege inneaktivitetar
Filmmaraton
Brettspelmaraton
Gamle og nye venskap
Meir struktur etter ein lang sommarferie med uforutsigbare dagar
Starten på noko nytt og spanande
Tid for piano, song og glede
Eller gitar for den saks skuld

JA, EG BERRE ELSKAR HAUSTEN FAKTISK!!

Sånn.

Dessutan er Børre back on track!

Kven hadde trudd? Han strålar, jo!

Og for å gjera dette innlegget litt mindre samanhengande, slenger eg med vekas teikneseriestripe.


Der ja.
Les mer i arkivet » September 2011 » August 2011 » Juni 2011
hits